14. feb. 2020

Sofie Sæther

Forbund

Tidligere USF-leder Håvard Løvik er død

Vi har mottatt følgende minneord over Håvard Løvik fra Per Blikra, Stavanger Sjakklubb:

Håvard sovna inn i heimen sin den 10. februar, 53 år gammal. Håvard var styreledar i USF frå 2006 til 2011. Håvard var før det aktiv lokalt og regionalt i barne- og ungdomssjakken. Dette lokale engasjementet hadde han med seg mens han var ledar i USF og tida etter. Håvard var ein sosial person som lett fekk kontakt med andre, både voksne og unge. Han var genuint interessert i andre mennesker, og mange har nok positive minner frå meiningsfulle samtalar med Håvard. Håvard organiserte turneringar og samlingar lokalt i Stavanger. Han såg sjelden problemer, men tenkte på vanskelege ting som dukka opp som utfordringar som måtte løysast. Som då me var 40 personar som skulle bu, læra sjakk og spilla BGP-turnering på ei hytte som var for liten for 30. Takka vera Håvard gjekk det meste som smurt, og barn og ungdommar som var med fekk gode minner å ta med seg vidare i livet.

Håvard var inkluderande og hjelpsom. Når barn og ungdom frå andre delar av landet deltok på sjakk-turneringar i Stavanger, åpna Håvard huset sitt, og mange sterke norske sjakkspillerar var stovevarme på Mariero då dei var yngre.

Håvard var ikkje like aktiv i sjakkmiljøet dei siste åra. Men han dukka likevel opp på turneringar i Stavanger og hjalp til når det var behov for det. Både Landsturneringa i 2017 og mange Norway Chess-turneringar. Håvard likte fortsatt å spilla sjakk, og var og med i 5C og spilte den årlege lynsjakkturnering i romjula.

Mange i sjakkmiljøet har gode minner om Håvard, og han vil bli huska lenge.

Per Blikra

Stavanger sjakklubb