26. feb. 2020
Samfunn
Sjakk på Hareid og Ulstein bibliotek
Hausten 2019 fekk biblioteka i Hareid og Ulstein stønad frå Sjakk & Samfunn i form av sjakkbrett, demonstrasjonsbrett og lisensar til TurneringsService.
Skrevet av Jørn Hjørungnes.
Vi har hatt fleire arrangement på Hareid og i Ulsteinvik. Vi satsar på å ha eitt arrangement i månaden på kvart av biblioteka, og har så langt funne ut fredagar er ein fin dag.
Interessen ser ut til å vere stor. Vi er no òg i gang med amatørturneringar organisert med TurneringsService. Vi har lite midlar til marknadsføring, så vi forsøker å orientere skulane om arrangementa våre. Det er no over 20 år sidan Hadar sjakklag/schaklag vart lagt ned, så det er på høg tid med ein ny sjakk-boom.
Volda Ørsta sjakklag har vore til stor hjelp i arbeidet, særleg har innsatsen til Ståle Refsnes vore uvurderleg. Han har stilt med klokker, rettleiing og delt raust av sin ekspertise. Dei ivrigaste reiser av og til til Høgskulen i Volda for å vere med på arrangementa til klubben.